Frå registrering til opphald

Slik bestiller du hos Freya

Først blir du og hunden godkjente. Prøvebesøk er berre for nye kundar. Kvar bestilling blir vurdert for seg.

  1. Du

    Registrer deg og hunden

    Opprett konto og bekreft e-posten. Fyll ut kundeprofilen og les og godta vilkåra. Registrer hunden, bekreft vaksineprogrammet og last opp vaksinedokumentasjon.

  2. Du → Freya

    Nye kundar: avtal prøvebesøk

    Har du brukt Freya før, vel du det i kundeprofilen og hoppar over dette steget. Som ny kunde vel du dag og starttidspunkt og sender ønske om prøvebesøk. Vent på svar frå Freya under «Meldingar og besøk» før du møter opp.

  3. Vent på Freya

    Få kunde og hund godkjent

    Freya kontrollerer profilane og vaksinedokumentasjonen, og nye kundar blir vurderte etter prøvebesøket. Les eventuelle tilbakemeldingar frå Freya om hunden og kva du kan forbedre. Oppdater opplysningane dersom Freya ber om det. Vent på varsel om godkjenning før du bestiller.

  4. Du

    Send ei bestilling

    Når kunde og hund er godkjente, vel du «Bestill opphald». Vel hund, datoar og tidsrom for levering og henting. Send bestillinga til Freya. For fleire hundehagedagar vel du «Bestill fleire hundehagedagar», månad og vekedagar. Kontroller datolista; feriar og stengingar blir fjerna frå utvalet.

  5. Vent på Freya

    Få opphaldet bekrefta

    Innsend bestilling held ikkje av plass. Sjå svaret under «Opphalda mine». Opphaldet er først avtalt når status er «Godkjent». Venteliste er ikkje ei bekrefta bestilling.

  6. Du

    Følg avtalen og bruk appen

    Møt til avtalte tider. Bruk opphaldet på Mi side for endringsønske og avbestilling. Ved endringsønske gjeld den opphavlege avtalen til Freya har bekrefta endringa. Spørsmål og svar finn du under «Meldingar og besøk».

Du finn alltid gjeldande status og svar på Mi side. Nye hundar må også godkjennast. Oppdaterte helseopplysningar eller ny vaksinedokumentasjon kan krevje ny vurdering. Vilkåra blir bekrefta årleg og ved tekstendring.

Til Mi side